Haust i ein hage

Seljord Hage har ei likevekt av økologiske pryd- og nyttevekster. kaprifol, roser, klematis. Ein hage for alle, ope og innbydande. Syrin, klokkebusk, villvin. Eit frodig innslag Sitronmelisse, salvie, isop. Og i sterk kontrast til større industribygg eit steinkast unna. Kål, squash, gulrot. Rett og slett ei botanisk lunge midt i sentrum av Seljord, i hjarte av Telemark.

Foreninga Seljord Økologiske Hage blei stifta i 2017 med formål å etablere ein hage for alle. Kort tid etter er den blitt eit henvisingsobjekt for dei som snakkar om kortreist mat. Ein demonstrasjonshage som syner viktige prinsipp innan økologisk dyrking i det den bugnar av grønsaker, urter, bær og blomar.

«Seljord hage er i ferd med å bli en grønn og skjønn oase i bygda», har ein gjest skrive på Facebook.

Seljord Hage viser med andre ord kreative, bærekraftige og estetiske løysingar som er tilgjengeleg for alle som vil. Anten du søker hit for ei lita kvilepause på benken, fylgjer tilrettelagt omvising eller krabbar på kne med jord under neglane deltek du i meir eller mindre uformelle møter blant generasjonar og kultur, blant menneskje og natur.

Det er ikkje hokuspokus, men god gamal kunnskap dei hentar fram. Initiativtakarane og drivarane har omdanna haugevis av inspirasjonshagar til sin eigen verkelegheit. Her tar dei tida tilbake og let naturen forvalte livets kretsløp på eigne premiss. Kyndig tilrettelagt av dei erfarne og likevel prøvande hendene til nettopp Anne Gro Lønnestad og Hans Andreas Flaaten.

«Det har eg aldri gjort før, så det får eg heilt sikkert til»

Me er på Hagevandring i Seljord Hage i forbinding med Økouka 2019. Anne Gro møter oss ved porten til hagen og ynskjer velkomen. Blikket søker automatisk utover hagen i det ho fører an, men me oppdagar fort at ho snakkar om det vi har rundt føtene. Her. nå. Vi stoppar opp. I løpet av kort tid sit alle på huk og studerar artsmangfaldet og detaljrikdomen vi elles hadde gått forbi. Vi byrjar å ane kor mykje arbeid som er lagt ned.

Hendene hennar rører ved eit lilla kronblad. Ho held blikket og informerer så vi alle forstår. Ho bøyger så planta fram og inviterer oss til nærkontakt med stilken og avlingen til felles undring. Anne Gro påstår ho lærer noko nytt kvar einaste dag.

– Eg hadde ein god del kunnskap og erfaring før eg sette igang med Seljord Hage. Ellers hadde det kanskje ikkje sett slik ut som det gjer. Men samtidig lærer eg under vegs, både av mine erfaringar og gjennom møte med hage-entusiastar som gjestar hagen.

Ho går litt vidare.

– Frå desse ettårige blomane er kronblada i ferd med å visne og harde frø stikk seg fram øvst på stilken. I går var 2.klasse her og måtte ta på det som kjennes som ei pute av knappenålshovud. Dei modnar sikkert snart slik at me kan plukke dei.

Anne Gro sine mange herlege ærlege svar gjev assosiasjonar til det kjende sitatet til Pippi frå Astrid Lindgren sine bøker; «Det har eg aldri gjort før, så det får eg heilt sikkert til». Ho har altså, nett som Pippi, prøva seg fram med god hjelp av undring og engasjement. Nå står ho her med kunnskap me andre syg til oss.

– Om me skal klare å dyrke mat i framtida må det gjerast på ein måte som kan ta vare på matjorda, mikrolivet i jordsmonn og det biologiske mangfaldet på jorda. Alle kan bidra til ei utvikling i den retninga, framheld ho utan å vike blikket.

– Det er alltid trist å hauste, syns Anne Gro.

Å omfamne hausten

Det er ein kunst å halde på hage-intensiteten når ein skriv september. Likefullt er det svært givande å ta vekstene i nærare augesyn denne tida av året. Du forventar ikkje å oppleve den intense fargen på blomane som standhaftig står litt til. Det er samstundes fint å dvele ved visne kronblad som ligg strødd på bakken og med det gjev pusterom til frøa som nå må stå nakne og kalde mot haustljoset. Korleis blomkålen endå serverer eit hovud til eller korleis prangande rosa frø stille gøymer seg i smale, tynne, brokete bønnestengel. Nett som ei puppe som skjuler sin sommarfugl. (forslag til bilde: hendene til Anne Gro som opnar bønnestengelen)

– Det er alltid trist å hauste, syns eg. Me er midtvegs i omvisinga og Anne Gro ser utover hausthagen som trass snart oktober standhaftig viser seg med eit fargespekter ein mistenker idèmakerane for å ha tenkt på ei stund. – Eg likar å vente i det lengste, fortset ho. Hagen frå utsida verkar upåverka av haustens inntog og bekreftar nettopp Anne Gro si sjølvutnemnde haustevegring. – Ja, sjølv om eg vegrar meg for å hauste, fordi vakre grønsaker blir borte frå åkeren, er det også ei stor glede å sanke famnen full av sjølvdyrka ingrediensar til eit måltid. Me har gjennom august og september hausta salat, reddik, ertar, bønner, gulrøttar, rødbeter, squash, lauk, mangold, knutekål, nepe, tomater, agurk, poteter og diverse urter til både kafeen og matlaging med elevar i hagen. Men prøvar så lenge me kan å ikkje hauste heile felt, for grønsaksbedda skal også vera vakre å sjå på.

Kompostering på plassen

Anne Gro førebur seg likevel på vinteren. Ho passar på å legge tilrette for alt som kan bli til jord og næring for plantene hennar. Ho lar 1-årige blomar og gras etter gulrøttane ligge når dei visnar. Om våren løsnar ho jorda med greip og stikkegreip. Nokre stader blandar ho inn ny kompost. Delar av hagen er endå ikkje kultivera, men det er ikkje forsømt likevel. Anne Gro dekker til open jord med nyslått gras. – Det er unaturleg for jorda å ligge open, du ser aldri det i naturen. Difor dekker eg det til med nyslått gras som gjev ypperlege forhold til småkryp og jordgroing.

Som eit eksempel på levande jorddekke er Aleksandrinekløver sådd innimellom kålrot og grønkål. Aleksandrinekløver har nitrogenfikserande bakterieknollar på rota. Når planta visnar og døyr vil rota etter kvart bli kompostera i jorda, då vil nitrogenet løyse seg opp og bli gjødsel for neste års planter. Når kløveren er levande, grøn og frodig er den eit jorddekke og vil dempe ugrasveksten blant kålsortane når sommaren kjem.

Nesleplanta si vesle rolle i eit stort biodynamisk mat- og landbruk

I eine hjørnet av hagen står ei spade godt planta i jorda. Nærare sagt i godt omdanna kukompost frå nabogarden. Børge Slettebø i Nordbygdi er ein av mange bønder som heiar fram konseptet Seljord

Økologiske Hage har drege i gang. Kukomposten frå garden hans har ligge eit par år og blitt til fin, fast jord som gjev ypperleg grobotn for vekstene. – Litt neslegras får eg med på kjøpet, men det lagar eg neslesuppe av til våren, smiler Anne Gro takknemleg.

Deltakarane på hagevandringa nikkar einig idet ho vidare utfordrar den umiddelbare tanken om nesla som ugras og i vegen.

– Nesle er også ypperleg som sprøytemiddel. Ved å la nesla ligge så lenge i vatn at det råtnar, kan ein sile av vatnet og oppbevare i spruteflaske. Neslevatnet kan sprøytas direkte på telus eller på reine friske planter for å styrke dei generelt. Men du må tåle den stramme lukta da, skyt ho inn med ei lita grimase. – Vil du heller eta den kan du forvelle og fryse nesla. Du kan til og med servere neslesuppe til forrett på joleftan, påstår Anne Gro lurt mens ho siktar til tradisjonen hennar eiga bestemor innførte og avslører samstundes at tradisjonen framleis haldast i hevd.

Frå husmorskule til parsellhage

Seljord Hage ligg i den gamle skulehagen til Vest-Telemark Vidaregåande skule, avdeling Seljord. Skulen vart bygd på 50-talet som «Husmorskule». I hagen var det frukttre, bær og blomar som husmorelevane hausta, sylta og safta. I dag står framleis dei gamle epletrea i skråninga mot skulebygget. Med eplehagen rommar Seljord Hage 3,5 mål.

Elevane ved skulen, som har eigen kokkelinje, brukar hagen flittig. Hagen er også tilgjengeleg for øvrige skuleklasser i den vesle bygda. Folkehøgskulen har sin eigen parsell der vårens elevar sår det hausten nye elevar kan hauste. 2.klasse ved Seljord Barneskule plukka ein bukett av blomsterarter dei fann i hagen etter sommarferien og gav bort til reinhaldspersonalet. Førre veke steikte SFO steikte rødbetpizza på utekjøkenet i hagen med gresskarsuppe til forret og eplekake til dressert. – Liten og stor har godt av å setje saman rettar etter årstid og kva ein har tilgjengeleg, avsluttar ho mens me levande kan førestille oss kva praten går i; Er blomkålen klar til å sleppe nå? Sjå den larva her! Kan ein lage sellerigryte av karri eller grønnsakssuppe med tomatsmak?

Engasjementet er merkbart for privat hushaldning også. Nå jobbar foreninga med å tilrettelegge for parsellar på ca 25 kvm til utleige for nettopp private familiar.

Seljord Hage ligg i den gamle skulehagen til Vest-Telemark Vidaregåande skule.

Smått og stort på tallerken

Gjennom heile sommarhalvåret har ekteparet Anne Gro og Hans drive kafeen «Noas Ark» i Kunstlåven, med smaker frå hagen – næraste nabo. Om du gjekk glipp av årets sesong kan du allereie nå sikte deg inn mot nye smakar frå hagen neste år, nydeleg dandera på tallerken.

Elevane ved skulen, som har eigen kokkelinje, brukar hagen flittig.Nå jobbar foreninga med å tilrettelegge for parsellar på ca 25 kvm til utleige for nettopp private familiar. Smått og stort på tallerken Gjennom heile sommerhalvåret ekteparet Anne Gro og Hans drive kafeen «Noas Ark» i Kunstlåven, med smaker frå hagen – næraste nabo. Om du gjekk glipp av årets sesong kan du allereie nå sikte deg inn mot smaken av våren, nydeleg dandera på tallerken.

Tekst og foto: Guro Mæland