Kulturminnedagen – «Typisk norsk – ikkje berre norsk».

23. september 2018, 12:00 | Stiftinga Bergsliminne, Prestegardsmoen, Vossevangen | Bergen

Arrangør: Voss Hagelag, Stiftinga Bergsliminne og ØKOVEKA Bergen

kalender-title

Sted: Stiftinga Bergsliminne, Prestegardsmoen, Vossevangen, Bergen

Tidspunkt: 23. september 2018 kl 12:00

Avsluttes: 23. september 2018 kl 16:00

Billettpris: 50,-

Arrangementet på Facebook

I SAMARBEID MED ØKOVEKA BERGEN OG VOSS HAGELAG, INVITERER STIFTINGA BERGSLIMINNE TIL MARKERING AV KULTURMINNEDAGEN I BERGSLILØYPA OG PÅ BERGSLITRÆET.

DETTE ER SISTE OPNINGSDAGEN PÅ BERGSLITRÆET I ÅR OG DET BLIR I DET HØVET GRATIS KAFFI OG LAPPAR!

«Typisk norsk- ikkje berre norsk» er temaet for kulturminnedagen i 2018.
Kulturminnedagen er ein del av European Heritage Days og vert i år markert i Noreg for 25. året på rad. Kulturminnedagen 2018 inngår og som ein del av Kulturarvåret 2018.

 

Stiftinga Bergsliminne markerer dagen med ulike aktivitetar. Laila Rynning Veum vil guida i Bergsliløypa og ha ein lengre stopp i Ungdomshallen for å sjå Bergslikunsten der. I tillegg til sceneteppet «Jolareii» vert det også høve til å sjå portrettmedaljongar som Brynjulf Bergslien gav til Ungdomslaget og Ungdomshallen i 1897.
På Bergslitræet vert det fleire miniforedrag som handlar om felles kulturarv, identitet og kulturutveksling.

Aslak L Helleve vil snakka om nasjonsbyggjarane og kunstnarane Knud og Brynjulf Bergslien som måtte reisa ut i Europa for å ta utdanning.
Rynning Veum vil fortelja om prosjektet «Rom for møte», eit samarbeidsprosjekt mellom Vaksenopplæringa, Voss Bibliotek og Stiftinga Bergsliminne i vår. Prosjektet var støtta av Hordaland fylkeskommune – og munna ut i eit utstilling som framleis heng på Bergslitræet.

Vidare vil Kari M Tungesvik frå d’Kor fortelja om prosjektet «Voggesongar undervegs» og framføra nokre av songane.

I hagen på Bergslitræet vart det i vår planta Vossakvann, som ser ut til å trivst godt i Prestegardsmoen. Arne Mosefinn frå Voss Hagelag vil snakka om denne særeigne kulturplanten og stilla ut ymse informasjon.

Velkomne til kulturminnedag på Bergslitræet.

PROGRAM
12-13: Guiding i Bergsliløypa v/Laila Rynning Veum. Oppmøte v/Kulturhuset. 50 kr

13-16: Program på Bergslitræet:
Miniforedrag:
Bergslikunstnarane v/Aslak L Helleve
Om prosjektet «Rom for møte». Utstilling av elevar v/Vaksenopplæringa v/Laila Rynning Veum
Om prosjektet og songar frå «Voggesongar undervegs» v/medlem i d’Kor Kari M Tungesvik
Om Vossakvann v/ Arne Mosefinn.

Gratis kaffi og lappar! Sal av kort, bøker mm

Støtta av Folkeakademiet Voss

< Tilbake til kalenderen