Økoseminar på Bjerkem Gård

27. september 2019, 10:00 | Kulturgården Bjerkem: Såseggvegen 399, 7718 Steinkjer | Trøndelag

Arrangør: Kulturgården Bjerkem

Sted: Kulturgården Bjerkem: Såseggvegen 399, 7718 Steinkjer, Trøndelag

Tidspunkt: 27. september 2019 kl 10:00

Avsluttes: 27. september 2019 kl 15:00

Velkommen til det 14. det økoseminaret på Bjerkem!

Aksel Nærstad snakker ut frå boka Den unødvendige sulten. Forsking viser oss at noverande økonomiske vekstpolitikk og stimulering av industrielt landbruk og nedlegging av familielandbruket fører til massesult, økologisk sammenbrudd og elendighet. Den aktuelle bakgrunnen no er også at NRK har vist filmen Griseindustriens hemmeligheter som viser det dyrevelferdsmessige resultatet av krav om billegare mat og større og større grisefarmar. Overraskande få forstår at at kravet om mat til gi-bort-pris har noko å seie for respekten for mat og respekten for dyr.

Økobonden Anders Næss kjem for å snakke om korleis landbrukspolitikken kan stimulere til meir bærekraftig matproduksjon. Han vil også fortelje oss at med rett landbrukspolitikk må vi gå over frå å sjå på landbruket som ei utslippsnæring til ei næring som reddar verden gjennom karbonbinding. Det er ikkje bøndene si skyld at utslippa frå landbruket er store – det er kravet om billeg mat og industrielt landbruk som fører til store utslepp. Næss vil bruke Humusprosjektet i Økoregion Kaindorf, Østerrike som eit av eksempla på korleis det offentlege kan stimulere landbruket inn i ei meir bærekraftig retning.

Fuglekjennaren Trond Vidar Vedum vil snakke om situasjonen for fuglane våre. Er det riktig som mange hevdar – at det er mindre fuglesong no enn for berre få år sidan? Kva kan vi evt. gjera for å betre på dette? Sjå: https://www.cappelendamm.no/_gled-deg-med-fuglene-trond-vidar-vedum-9788202441753 og https://www.aschehoug.no/Forfattere/Vaare-forfattere/Trond-Vidar_Vedum

Den Norske Kyrkja har også interessert seg for saka og m.a. kjørt eit prosjekt ”Grønn kyrkje”. Dette er grundig behandla på seminar, rapportar og kyrkjemøter, men media synes å interesserere seg stort sett berre for homofile prestar og abort når det gjeld religiøse spørsmål, så økologi og religion dukker aldri opp i media uansett kor mykje kykja snakker om det. Vi har spurt biskopen i Nidaros Herborg Finnset om å halde eit innlegg på seminaret. Biskop Finn Wagle var her og opna det første økoseminaret i 2006 så det er på tide etter 13 år å ha ein biskop som innleiar igjen.

Etter seminaret – om kvelden fredag 27. sept er det Økologisk Gourmetkveld på «Experience Food and Drink» restaurant i dei same lokala som seminaret

Mer informasjon om påmelding og pris kommer!

< Tilbake til kalenderen