Temamøte om permakultur, økohus og wilddesign workshop

25. september 2018, 18:00 | Alchimilla, Hellandsvegen 92, Rennesøy. | Rogaland

Arrangør: ØKOUKA Rogaland g Alchimilla Drivhus

kalender-title

Sted: Alchimilla, Hellandsvegen 92, Rennesøy., Rogaland

Tidspunkt: 25. september 2018 kl 18:00

Avsluttes: 25. september 2018 kl 21:00

Billettpris: 100,-

Arrangementet på Facebook

Velkommen til temamøte med fokus på
PERMAKULTUR OG ØKOHUS

Vi ser fram til å lytte til foredraghaldar Frederica Miller som driver arkitektkontoret Gaia-Oslo og ho er også kjent kurshaldar innføre permakultur (Permakulturdesign). Frederica har også skrive fleire bøker om økohus.

Frederica vil inspirere oss og foredra om Permakultur og økohus tysdag 25.9. kl 18.00. NB. Dørane opna kl. 17.15.
Etter foredraget blir det «wild design», ei læreik praktisk økt om korleis gå fram i kartelegging- og idèfase. Ingen idear er for ville?!

«Permakultur er ein heilskapeleg designmetode som skal skape bærekraftige menneskelege busetningar», fortel Frederica Miller.
Ho har sin eigen praksis som del av Gaia arkitekter i Gaia – Oslo as som har kontoradresse på Nesodden. Ho arbeider med prosjek som har som mål å få til praktiske og bærekraftige løysingar. Frederica har tileigna seg spesialkunnskap kring økologisk forsvarlege byggningar og planlegging gjennom dei siste 30 åra. Gjennom eigen praksis har ho en allsidig praktisk erfaring som arkitekt med hovedvekt på bustadar og buområder, kulturnæringssenter, skule og barnehage, gardsbruk og planarbeid. Arbeidet hennar omfatter også gjenbruk og rehabilitering av eksisterende bygninger. Ho er svært opptatt av prosessarbeid og medvirkning, og var ansvarleg for ein planprosess med en 5 dagers charette som endte med en reguleringsplan for Hausmania kulturhus i Oslo.

Praktisk:
Buss nr. 10 går frå Stavanger til Vikevåg – da er det 900 m å gå til Alchemilla drivhuset.
Samkøyr med ven og parker ved oppmerka plasser hos Alchemilla og ved offentleg p-plass ved Hausken kykje 400 m å gå, eller ved p-plass til turstien Flekkestad-Helland ca 200 m å gå.
God parkering i Vikevåg sentrum – 900 m å gå.

Adresse: Hellandsvegen 92, Rennesøy.
Dørene opnar kl. 17.15 og det blir tid til å kikke seg rundt i Alchemilla drivhuset eller handle suppe, urtedrikk og kaffe.

PÅMELDING:
Vi ønsker påmelding til dette eventet med deltakarpris kr. 100,- pr. person.

Send påmelding til post@alchemilla.no eller du kan gjere det enkelt å VIPPSE kr. 100,- til Alcehmilla Elin Rydningen og du er registrert. Økologisk Rogaland er arrangør og mottakar av beløpet.

Ønsker du meir informasjon så ver venleg å kommenter arrangementlenke og vi skal følge opp med svar.

Helsing arrangør Økologisk Rogaland

< Tilbake til kalenderen