Open dag i blomeåkeren hos Dalahagen
Kom og sjå den vesle, økologiske blomeåkeren i Dalahagen!
Informasjon
- Dato: 24. sep. 2023 - 12:00 - 16:00
- Sted: Dalahagen
- Se kart
- Arrangør: Dalahagen og ØKOVEka Bergen
- Tema: økologisk blomsterproduksjon, økologisk blomeåker, kafé, gardsutsal, bukettbinding
Tidleg haust kan vere ei svært vakker tid i hagen, der georginer, solsikker og andre blømande vekster set inn eit stort krafttak før sesongen er over for denne gong. Hels på endene og hønene, få omvisning i åkeren og set saman din eigen bukett frå blomsterbaren. Gardsutsal med blomar og hageting samt enkel kafé i drivhuset.
Dalahagen har vore i drift sidan 2018, og produserer økologiske snittblomar i sesong frå april til oktober. Me leverer lokalt og i Bergen, til både kvardag og fest. Meir info finn du på dalahagen.no.
Adresse: Dalevegen 147, 5642 Holmefjord. Reisetid frå Bergen: ca 60 minutt.Open dag i blomeåkeren