Hopp til innhold

Berekraftig hageplanlegging

Få inspirasjon om planlegging av frodige hagar som møter behova til store og små, insekt og fuglar.

Informasjon

  • Dato: 28. sep. 2023 - 18:00 - 19:30
  • Sted: Ullandhaug økologiske gård, Ullandhaugveien 150, 4021 Stavanger
  • Se kart
  • Arrangør: Økologisk Rogaland
  • Tema: hage, bærekraftig, permakultur

Denne kvelden vil du få kunnskap, tips og triks til korleis du kan planlegge uteområdet ditt til dyrking av nyttevekstar, som hjelper fuglar og insekt, samt inviterer til eit deileg hageliv for store og små.

Foredragshaldaren, Elin Rydningen, har ein kreativ måte å skisse fram uterom og er opptatt av økologi og permakultur. Ingen tomt er for liten, eller for stor, for hennas blikk. Du vil få idear til rominndeling i hagen. Kor trivast det meste og de fleste best?

Elin Rydningen driv Blomen hage og landskap og har planlagt «100-vis» av hagar, båe private og offentlege, i Rogaland. Ho er utdanna anleggsgartnar, og gjennom faget har ho stor forståing for grunnarbeid til hus, hage og uterom. www.blomenhage.no.

Deltakaravgift kr 100 for medlemmar i Økologisk Rogaland. Ikkje medlemmar kr. 400 til Vipps #129852. Meld deg på her!

Dette er eit arrangement under Økouka og medlemsavgiften er redusert i denne perioden. Teiknar du medlemskap denne kvelden vil du kunne få personlege hageråd frå Elin, etter foredraget. Husk da å ta med bilete av hageområdet du vil stille spørsmål kring.

Kontaktperson

Annabell Pfluger
Tilbake til toppen