Hopp til innhold

Bondens marked Bergen i Økoveka

Møt bøndene og kjøp maten direkte frå dei!

Bondens marked på Fisketorget får økofokus under ØKOVEKA Bergen 2026.

Informasjon

  • Dato: 19. sep. 2026 - 10:00 - 16:00
  • Sted: Fisketorget
  • Se kart
  • Arrangør: Bondens marked, Bondens marked Bergen, ØKOVEKA Bergen
  • Tema: Bondens Marked Bergen, Fisketorget, Bonden, Økologisk Landbruk, Lokale produsentar

Møt bonden midt i Bergen!

Laurdag 19. september blir det Bondens marked på Fisketorget med særleg økofokus, som ein del av ØKOVEKA Bergen 2026.

På Bondens marked kan du møte produsentane sjølve og kjøpe mat direkte frå bonden. Her får du høve til å bli kjend med menneska bak maten, høyre meir om produkta og ta med deg gode smakar heim.

Årets tema for ØKOVEKA er bonden, og kva passar vel betre enn ein marknadsdag der bonden sjølv står bak disken? Dagen løftar fram økologisk produksjon og gir deg høve til å møte bønder og produsentar ansikt til ansikt.

Ta turen til Fisketorget, slå av ein prat med produsentane og oppdag noko av mangfaldet av lokalmat som blir produsert av bønder i regionen.

Dato og tid:
Laurdag 19. september kl. 10–16

Stad:
Fisketorget i Bergen

Arrangementet er ein del av ØKOVEKA Bergen 2026 og blir arrangert i samarbeid med Bondens marked i Bergen.

Tilbake til toppen