Hopp til innhold

Frå gard til iskrem – Isrosa-bua i Rosendal

Smak økologisk is laga med råvarer frå eigen gard og økologiske gardar i nærområdet. Isrosa-bua held ope gjennom heile ØKOVEKA.

Informasjon

  • Dato: 11. sep. 2026 - 11:00 - 17:30
  • Sted: Isrosa bua, Skålagato 51, Rosendal
  • Arrangør: Isrosa, ØKOVEKA Bergen
  • Tema: økologisk iskrem, Lokale råvarer, kafé, Rosendal

Frå garden til iskremen!

På Isrosa-bua i Rosendal kan du smake økologisk is laga med råvarer som har ei tydeleg kopling til garden og bøndene rundt dei.

Isrosa produserer både mjølkeis og fruktis av økologiske råvarer. Egg og rabarbra produserer dei sjølve, medan fersk mjølk blir kjøpt frå økologiske gardar i nærområdet. Bjørnebær, bringebær, plommer og annan frukt kjem òg frå økologiske bønder i nærleiken. Nokre av smakane følgjer sesongen og blir derfor berre laga delar av året.

På garden har Isrosa sin eigen økologiske hønseflokk, i tillegg til mellom anna kyr, gris og hest. Grisane er også ein del av krinsløpet på garden: Dei får mellom anna syrna skummamjølk som blir til overs etter isproduksjonen.

Under ØKOVEKA kan du ta turen innom Isrosa-bua, smake økologisk is og andre kafévarer – og samtidig få ein liten smak av korleis økologisk landbruk og lokal matproduksjon kan henge saman.

 

Stad: Isrosa-bua, Rosendal, Kvinnherad

 

Program

  1. 11. sep. 2026 : Open kafé i Økoveka
    1. 11:00 - 17:30 :
Tilbake til toppen