Hopp til innhold

Frå geit til ost hos Lygre Livsgard

Opplev livet på eit vestlandsk småbruk! Møt geitene og bøndene, lær om ljåslått og smak geitost og andre produkt frå garden.

Informasjon

  • Dato: 20. sep. 2026 - 12:00 - 18:00
  • Sted: Lygre Livsgard, Lygresvegen 399, Nordtveitgrend
  • Se kart
  • Arrangør: Lygre Livsgard, Midthordland Bonde- og Småbrukarlag, ØKOVEKA Bergen
  • Tema: Bonden, Open gard, Småbruk, Geit, Matforedling, Gardsmeieri, Gardsbutikk

Velkomen til open gard på Lygre Livsgard!

Som ein del av ØKOVEKA Bergen 2026 inviterer Lygre Livsgard til ein dag der du kan møte både dyra og menneska bak Geitost frå Lygrepollen, og bli betre kjend med livet og produksjonen på eit vestlandsk småbruk.

Denne dagen beitar geitene og hønene heime ved tunet, og Dag Kyrre og Veronica viser rundt på garden. Kay Asle gir ei innføring i ljåslått, og du får høyre meir om tradisjonelle måtar å skjøtte kulturlandskapet på.

I gardsbutikken kan du smake på geitost og andre produkt laga av fersk, rå geitemjølk frå garden. Og sjølvsagt blir det mogleg å kjøpe vaflar med brunost i fjøset!

Årets tema for ØKOVEKA er bonden, og på Lygre Livsgard får du kome tett på menneska, dyra og arbeidet bak maten – frå beite og mjølk til ferdig ost.

Er du nysgjerrig på geiter, mjølk, foredling av eigne råvarer og tradisjonelle slåttemetodar – eller berre har lyst til å oppleve eit levande småbruk – er det berre å ta turen innom.

Dato og tid:
Sundag 20. september kl. 12–16

Stad:
Lygre Livsgard
Lygresvegen 399, 5646 Nordtveitgrend

Påmelding:
Inga påmelding.

Arrangementet blir arrangert av Midthordland Bonde- og Småbrukarlag i samarbeid med ØKOVEKA.

Tilbake til toppen