Hopp til innhold

Frå jord til ritual – ein levande seremoni med Amarie Ateliér

Ei sanseleg samling med urter og blomar, teseremoni og mjuk rørsle. Lær om plantane og lag di eiga seremonielle urtebunt med Amarie Ateliér.

 

Informasjon

  • Dato: 20. sep. 2026 - 11:00 - 14:00
  • Sted: Reindyrka, Strandgaten 21, 5012 Bergen
  • Se kart
  • Arrangør: ØKOVEKA Bergen, Amarie Ateliér
  • Tema: sesongens resurssar, økologiske urter, Sanking, Tradisjonskunnskap

Ei sansereise frå jorda, gjennom plantane og inn i kvardagen.

Plantane har følgt menneska gjennom generasjonar – som mat og te, i oljer og folkemedisinske tradisjonar, og som ein del av ritual, årstider og kvardagsliv.

Denne formiddagen inviterer Benedicte frå Amarie Ateliér til ei sanseleg samling der me kjem tettare på urtene og blomane som veks rundt oss – og kunnskapen og tradisjonane som følgjer dei.

Du blir kjend med eit utval urter og blomar og lærer om sanking, eigenskapar og tradisjonell bruk. Benedicte deler også korleis du kan byggje opp ditt eige botaniske apotek og bruke plantane vidare i mellom anna te, mat, tinkturar og urteoljer.

Samlinga startar med ein roleg praksis med pust, mjuk rørsle og eigenberøring, der botaniske produkt frå Amarie blir vevde inn i opplevinga. Deretter samlast me til ein teseremoni der me ser, luktar og smakar på urtene medan Benedicte fortel om plantane, historiene deira og tradisjonell bruk.

Så får hendene ta del i kunnskapen. Kvar deltakar vel urter og blomar og bind si eiga seremonielle urtebunt – eit lite stykke av naturen å ta med heim.

Me avsluttar med lett urteinspirert servering og ein delingssirkel med rom for refleksjon, undring og spørsmål. Alle deltakarane får også med seg ein botanisk goodiebag med utvalde produkt frå Amarie Ateliér.

Pris:
1290 kr. Prisen inkluderer te, lett servering, alle materialar og ein botanisk goodiebag.

Påmelding:
Bindande påmelding til benedictemarieskahjem@hotmail.com.
Det er avgrensa tal plassar.

Om arrangøren:
Amarie Ateliér er eit rom for det feminine, med arbeid forankra i nærvær, naturens rytmar og kroppen. Benedicte arbeider mellom anna med seremoniar, breathwork, yoga, somatisk rørsle og kvinnesirklar. I Amaries botaniske apotek lagar ho urteblandingar, oljer og andre botaniske produkt av nøye utvalde råvarer.

Ta gjerne med noko å skrive med, eit par varme ullsokkar og mjuke, behagelege klede som gir rom for rørsle.

Tilbake til toppen