Informasjon
- Dato: 12. sep. 2026 - 11:00 - 13:00
- Sted: Reindyrka, Strandgaten 21, Bergen
- Se kart
- Arrangør: Yalla yalla kaffebrenneri, Reindyrka, ØKOVEKA Bergen
- Tema: lokalt kaffebrenneri, bonden, smaking, lokal foredling
Velkomen til kaffismaking hos Reindyrka under ØKOVEKA!
Kaffi startar hos bonden. Bak kvar kopp ligg det arbeid, kunnskap og gode råvarer – frå dyrking og hausting til brenning og brygging.
Denne laurdagen kjem Mona frå Yalla Yalla Kaffebrenneri i Bjørndalen, eit lokalt kaffibrenneri i Bergen, til Reindyrka. Ho inviterer til kaffismaking og fortel om kaffien, brenninga og kva som påverkar smakane vi finn i koppen.
Årets tema for ØKOVEKA er Bonden, og kaffien gir oss høve til å rette blikket mot menneska som dyrkar råvara – før kaffibønnene finn vegen vidare til det lokale brenneriet og til slutt koppen vår.
Kom innom, smak og bli litt klokare på vegen frå kaffibonde til kaffikopp!
