Hopp til innhold

Lær å fermentere – praktisk kurs på Reindyrka

Lær grunnprinsippa i fermentering og lag fire ulike fermenteringsprosjekt som du får med deg heim. Kurset passar både nybyrjarar og vidarekomne.

Informasjon

  • Dato: 17. sep. 2026 - 16:00 - 18:00
  • Sted: Reindyrka Strandgaten 21, Bergen
  • Se kart
  • Arrangør: Bærekraftighelse, Reindyrka, ØKOVEKA Bergen
  • Tema: Fermentering, Grønsaker, Konservering, Matkunnskap, Kurs

Lær å fermentere grønsaker saman med Johanna Dyngeland!

Fermentering er ein enkel og smakfull måte å foredle og konservere grønsaker på. Dette populære kurset har vore ein del av ØKOVEKA i fleire år, og no inviterer Johanna Dyngeland frå Bærekraftig Helse igjen til praktisk fermenteringskurs hos Reindyrka.

Kurset passar både for deg som aldri har fermentert før, og for deg som har prøvd litt og ønskjer å bli tryggare. Du lærer dei viktigaste prinsippa og får tips og knep som gjer det enklare å lykkast med fermentering heime.

I løpet av kurset lagar de fire ulike prosjekt som du får med deg heim:

  • tradisjonell surkål (sauerkraut)
  • fermentert ketchup
  • fermentert kvitløk
  • sylta raudbetar

Alle råvarer og oppskriftshefte er inkluderte i kursprisen. Det blir også fleire smaksprøver undervegs – så kom gjerne svolten!

Kurset er ein del av ØKOVEKA Bergen 2026. Fermentering er ein fin måte å foredle og ta vare på grønsaker og råvarer gjennom sesongen.

Dato og tid:
Torsdag 17. september kl. 16–18

Stad:
Reindyrka, Strandgaten 21, Bergen

Pris:
699 kr

Ta med:
3 reine sylte- eller fermenteringsglas på ca. ½ liter.

Påmelding:
Johanna@matmagi.no

Merk: Etter påmelding er det eit avbestillingsgebyr på 100 kr. Kurset blir halde i kurslokalet hos Reindyrka, og det er trapp ned til lokalet.

Kontaktperson

Johanna Dyngeland
Tilbake til toppen