Informasjon
- Dato: 17. sep. 2026 - 15:00 - 17:30
- Sted: Lystgården
- Se kart
- Arrangør: Lystgården, Økoveka
- Tema: Lystgården, Bærekraftige liv, Bybonden i Bergen, lokalmat, Spiselig marked, naboskap, kafe
Velkomen til Lokal Torsdag på Lystgården!
Lokal Torsdag er ein fast møteplass på Lystgården med baristakafé, fyr i peisen, fersk bakst og kortreiste råvarer. Torsdag 17. september er arrangementet ein del av ØKOVEKA Bergen 2026.
Mellom kl. 15 og 17.30 kan du ta turen innom for ein kopp kaffi, noko godt å ete eller ein prat med naboen. Den frivillige baristaklubben serverer kaffi, og du kan handle ferskt brød og bakverk rett frå bakaren.
På marknaden finn du lokalmat, handverksprodukt og sesongbaserte varer frå ulike lokale produsentar. Bakstehuset på Ask, Undeland og Smil Såpe er allereie klare – og det kan kome fleire.
Lokal Torsdag er ein avslappa møteplass som samlar folk rundt god kaffi, handlaga bakst, lokalmat og lokale produsentar.
Årets tema for ØKOVEKA er bonden, og denne torsdagen får du høve til å møte og handle direkte frå nokre av dei lokale produsentane som står bak maten og produkta.
Dato og tid:
Torsdag 17. september kl. 15–17.30
Stad:
Lystgården, Kanonhaugen 39, Bergen
Arrangementet er ope for alle.
