Informasjon
- Dato: 16. sep. 2026 - 10:30
- Sted: Muséhagen i Bergen, Muséplassen 3, Bergen
- Se kart
- Arrangør: Muséhagen i Bergen, Universitetsmuseet i Bergen, ØKOVEKA Bergen
- Tema: Nyttevekstar, Dyrking, Bonden, Kunnskap, Omvising
Kva kan eigentleg vekse midt i Bergen?
Under ØKOVEKA inviterer Muséhagen og Universitetsmuseet i Bergen til ei eiga lunsjvandring i Nytteveksthagen. Vandringa er gratis og open for alle – du treng verken forkunnskapar eller tilknyting til universitetet for å bli med.
Saman med gartnar Hilde Margrethe Moen Selstø går me på oppdagingsferd blant vekstane i hagen. Undervegs får me høyre meir om dyrking, vekselbruk og mangfaldet av plantar som kan trivast i klimaet vårt.
I Nytteveksthagen finn du mellom anna korn, erter, kål og løk, humle til ølbrygging, eple, poteter, krydderurter og medisinplantar. Hagen er ikkje stor, men rommar imponerande mange ulike vekstar – og mykje kunnskap om korleis menneske har dyrka og brukt plantar.
Årets tema for ØKOVEKA er bonden, og lunsjvandringa gir oss høve til å sjå nærare på noko av det bonden arbeider med kvar dag: jorda, plantane, vekstskifte og kunnskapen som skal til for å få det til å gro.
Ta med ein kollega eller ein ven, eller kom åleine og bruk lunsjpausen til ein liten tur ut i det grøne. Alle er velkomne!
Dato og tid: Onsdag 16. september kl. 11.30
Stad: Muséhagen, Bergen
Pris: Gratis
Påmelding: Inga påmelding
Arrangør: Muséhagen og Universitetsmuseet i Bergen, i samarbeid med ØKOVEKA Bergen.
