Hopp til innhold

Møt Solheim Vestre Friluftsgård hos Reindyrka

Møt Solheim Vestre Friluftsgård hos Reindyrka

Informasjon

  • Dato: 12. sep. 2025 - 15:00 - 17:00
  • Sted: Reindyrka
  • Se kart
  • Arrangør: Reindyrka, ØKOVEKA Bergen, Solheim Vestre Friluftsgård
  • Tema: lokalprodusert, lokalprodusert smør, gårdsmeieri, lokalprodusert rømme, lokalprodusert mjølk, lavpasteurisert

Solheim Vestre Friluftsgård kjem på besøk til Reindyrka under Økoveka og byr på smaksprøvar av økologisk mjølk, smør og rømme – laga på garden sitt eige meieri.

Dette er bønder som har teke eit modig steg: dei har starta sitt eige gardsmeieri for å foredle mjølka sjølve. Her handlar det om lokal kunnskap, handverk og ei stor dose pågangsmot. Produkta deira er lavpasteuriserte, noko som bevarer meir av den naturlege smaken og næringa.

Kom innom og møt dei tøffe bøndene bak satsinga – og smak korleis ekte lokalmat kan vere både enkel, ærleg og full av karakter.

Tilbake til toppen