Informasjon
- Dato: 11. sep. 2026 - 20. sep. 2026
- Sted: Bergen kaffebrenneri, Kong Christian Fredriksplass 6, 5006 Bergen
- Arrangør: Bergen kaffebrenneri, Økoveka Bergen
- Tema: Økologisk mat, Kaffi, Bakst, Bonden, Kafe
Kva med å gjere kaffipausen litt meir økologisk?
Under ØKOVEKA slår Bergen Kaffebrenneri eit ekstra slag for det økologiske. Frå 11.–20. september blir det meir økologisk på menyen – og fleire gode grunnar til å ta turen innom.
Bergen Kaffebrenneri bruker allereie mange økologiske råvarer i baksten. Under ØKOVEKA går dei eit steg vidare og serverer kaffien med økologisk mjølk, samtidig som dei løftar fram dei økologiske råvarene på menyen.
Du kan også smake deira omnsbakte dumpsterpizza, laga med økologiske overskotsvarer frå Reindyrka. Her får råvarer som elles kunne gått til spille, ein ny sjanse til å bli noko skikkeleg godt.
Årets tema for ØKOVEKA er bonden, og kvar økologiske råvare startar nettopp der – hos bonden og i jorda. Når kafear og serveringsstader vel økologisk, er dei med på å skape etterspurnad etter råvarer frå økologisk landbruk.
Kom innom Bergen Kaffebrenneri i løpet av ØKOVEKA, ta ein kaffi, smak på noko godt – og vel litt meir økologisk!
Tid: 11.–20. september 2026
Stad: Bergen Kaffebrenneri
Arrangementet følgjer dei ordinære opningstidene til Bergen Kaffebrenneri.
Vekedag 08 - 18
Helg 10 - 18
Program
-
11. sep. 2026
- 08:00 - 18:00 :
-
12. sep. 2026
- 10:00 - 18:00 :
-
13. sep. 2026
- 10:00 - 18:00 :
-
14. sep. 2026
- 08:00 - 18:00 :
-
15. sep. 2026
- 08:00 - 18:00 :
-
16. sep. 2026
- 08:00 - 18:00 :
-
17. sep. 2026
- 08:00 - 18:00 :
-
18. sep. 2026
- 08:00 - 18:00 :
-
19. sep. 2026
- 10:00 - 18:00 :
-
20. sep. 2026
- 10:00 - 18:00 :
