Informasjon
- Dato: 18. sep. 2025 - 20. sep. 2026
- Sted: Reindyrka, Strandgaten 21, 5013 Bergen
- Se kart
- Arrangør: Reindyrka, ØKOVEKA Bergen
- Tema: Den økologiske bonden, Rett frå bonden, Økologiske råvarer, Økologisk butikk, Smaksprøvar, Lokale produsentar
Kven står eigentleg bak maten i butikkhylla? Under ØKOVEKA inviterer Reindyrka bonden inn i byen!
Reindyrka er bondens butikk i Bergen, og i år har ØKOVEKA nettopp bonden som tema. Det må sjølvsagt feirast!
Gjennom veka blir det liv i butikken med bondebesøk, smaksprøvar, kurs og små og store møte med produsentane bak maten. Her kan du smake, spørje, lære – og bli betre kjend med menneska som dyrkar, foredlar og lagar maten me et.
Reindyrka samarbeider med ei rekkje bønder og småskalaprodusentar, mange av dei frå Vestlandet. Under ØKOVEKA ønskjer me å gjere vegen mellom garden og byen litt kortare og gi produsentane sjølve plass til å fortelje om råvarene, handverket og livet bak produkta.
Noko av det som skjer:
Laurdag 12. september
Kaffismaking med Mona – kom innom og smak økologisk kaffi frå lokale Yalla Yalla kaffibrenneri.
Onsdag 16. september
Surdeigskurs med Sabine – lær å bake med surdeig og økologisk norsk urkorn. Kurset er fullt.
Torsdag 17. september
Fermenteringskurs med Johanna – lær å fermentere grønsaker og ta vare på sesongens råvarer.
Og det stoppar ikkje der! Det kjem fleire smaksprøvar, bondebesøk og kanskje nokre overraskingar gjennom ØKOVEKA. Programmet blir oppdatert etter kvart.
Så ta turen innom Reindyrka. Møt bonden, smak på varene, still spørsmål – og bli med og feir menneska bak maten vår!
Opningstider under ØKOVEKA:
Måndag–laurdag kl. 10–18
Sundag kl. 13–18
Reindyrka, Strandgaten 21, Bergen
Dei enkelte kursa og arrangementa har eigne tidspunkt og eventuell påmelding.
Program
-
18. sep. 2025
- 10:00 - 18:00 :
-
11. sep. 2026
- 10:00 - 18:00 :
-
12. sep. 2026
- 10:00 - 18:00 :
-
13. sep. 2026
- 10:00 - 18:00 :
-
14. sep. 2026
- 13:00 - 18:00 :
-
15. sep. 2026
- 10:00 - 18:00 :
-
16. sep. 2026
- 10:00 - 18:00 :
-
17. sep. 2026
- 10:00 - 18:00 :
-
19. sep. 2026
- 10:00 - 18:00 :
-
20. sep. 2026
- 10:00 - 18:00 :
