Hopp til innhold

Open biodynamisk gardsdag på Helgeseter – med visning av filmen FRØ

Bli med på filmvisning, open biodynamisk gard, omvising og familieaktivitetar på Helgeseter – med frø, jord og bonden i sentrum.

Informasjon

  • Dato: 15. sep. 2026 - 14:00 - 18:00
  • Sted: Helgeseter, Øvre Sædalsvegen 257, 5099 Bergen
  • Se kart
  • Arrangør: Stiftelsen Virksomheten Helgeseter, ØKOVEKA Bergen, Biologisk Dynamisk Forening
  • Tema: Open gard, Familevennleg, Biodynamisk gård, økologi i praksis, Film, FRØ, Bonden

Velkomen til Helgeseter tysdag 15. september!

Som ein del av ØKOVEKA Bergen 2026 inviterer Helgeseter til ein innhaldsrik ettermiddag med film, fagleg utveksling, open gard, omvising, loppemarknad, servering og aktivitetar for barn.

Årets tema for ØKOVEKA er bonden, og på Helgeseter får du kome tett på garden, menneska og kunnskapen som ligg bak matproduksjon og forvalting av jorda.

Dagen startar med dokumentarfilmen FRØ av den danske filmskaparen Isabelle Denaro, som også vil vere til stades og introdusere filmen. FRØ er ei poetisk og sanseleg forteljing om frø, dyrking og menneske som tek vare på frøtradisjonar og fører dei vidare.

Etter filmvisninga blir det samtale og innlegg frå Solheim Vestre Friluftsgård, før resten av ettermiddagen held fram ute på garden.

Program

14.00–14.15: Opning og introduksjon ved Isabelle Denaro
14.15–15.10: Visning av filmen FRØ
15.10–15.50: Samtale og innlegg
16.00–17.00: Omvising på garden
16.00–18.00: Loppemarknad
16.00–18.00: Open biodynamisk gard med aktivitetar for barn
16.00–18.00: Servering og salsboder

Arrangementet er gratis og ope for alle. Mat, drikke og varer frå salsbodene må kjøpast.

Kom gjerne for heile programmet, eller stikk innom den opne garden i løpet av ettermiddagen. Velkomen til ein dag med frø, jord, bønder, film og fellesskap.

Arrangementet er ein del av ØKOVEKA Bergen 2026. Filmvisninga er støtta av GC Rieber Fondene og blir arrangert i samarbeid mellom Helgeseter og ØKOVEKA.

Tilbake til toppen