Informasjon
- Dato: 14. sep. 2026 - 16:00 - 20:00
- Sted: Yalla Yalla kaffebrenneri, Bjørndalsstølen 2, 5170 Bjørndalstræ
- Se kart
- Arrangør: ØKOVEKA Bergen, Yalla Yalla kaffebrenneri
- Tema: økologisk kaffebrenneri, økologisk kaffe, lokalbrent kaffe, Yalla Yalla Kaffebrenneri, brenn din egen kaffe, Handverk
Velkomen til open dag hos Yalla Yalla kaffibrenneri!
Som ein del av ØKOVEKA opnar Yalla Yalla dørene til det økologiske kaffibrenneriet sitt i Bjørndalen. Her kan du bli betre kjend med kaffien – frå opphav og historie til brenning og ferdig kopp.
Gjennom dagen blir det smaking av ulike økologiske kaffitypar, bryggja på forskjellige måtar. Du får også høyre om opphavet til kaffien og den lange reisa han har hatt fram til oss i nord.
For dei som vil gå eit steg vidare, blir det mogleg å brenne sin eigen økologiske kaffi saman med Yalla Yalla. Du bestemmer sjølv brennegraden, og mengda kan vere frå 1 til 5 kg. Denne delen krev førehandspåmelding, slik at brenneriet kan planleggje økta. Veit du kva type kaffi du ønskjer å brenne, kan du gjerne opplyse om det når du melder deg på.
Dato og tid:
Måndag 14. september kl. 16–20
Stad:
Yalla Yalla kaffibrenneri
Bjørndalsstølen 2, 5170 Loddefjord
Påmelding til kaffibrenning:
Send melding til Yalla Yalla på messenger eller e-post til hei@yallayallakaffe.no.
