Hopp til innhold

Open dag i blomeåkeren hos Dalahagen

Kom og sjå den vesle, økologiske blomeåkeren i Dalahagen!

Informasjon

  • Dato: 24. sep. 2023 - 12:00 - 16:00
  • Sted: Dalahagen
  • Se kart
  • Arrangør: Dalahagen og ØKOVEka Bergen
  • Tema: økologisk blomsterproduksjon, økologisk blomeåker, kafé, gardsutsal, bukettbinding
Tidleg haust kan vere ei svært vakker tid i hagen, der georginer, solsikker og andre blømande vekster set inn eit stort krafttak før sesongen er over for denne gong. Hels på endene og hønene, få omvisning i åkeren og set saman din eigen bukett frå blomsterbaren. Gardsutsal med blomar og hageting samt enkel kafé i drivhuset.
Dalahagen har vore i drift sidan 2018, og produserer økologiske snittblomar i sesong frå april til oktober. Me leverer lokalt og i Bergen, til både kvardag og fest. Meir info finn du på dalahagen.no.
Adresse: Dalevegen 147, 5642 Holmefjord. Reisetid frå Bergen: ca 60 minutt.Open dag i blomeåkeren
Tilbake til toppen