Informasjon
- Dato: 19. sep. 2026 - 11:00 - 14:00
- Sted: Solheim Vestre Friluftsgard
- Se kart
- Arrangør: Reindyrka, ØKOVEKA Bergen, Solheim Vestre Friluftsgård
- Tema: lavpasteurisert, Gardsmeieri, Open gard, Familieaktivitet, Dyr, Bonden, Lokal foredling
Velkomen til open gard på Solheim Vestre Friluftsgård på Radøy!
Som ein del av ØKOVEKA Bergen 2026 opnar Solheim Vestre dørene og inviterer store og små til å oppleve livet på ein økologisk gard.
Solheim Vestre er ein liten, familiedriven gard med kyr, kalvar, sauer, lam, høner, kyllingar og grisar. På garden har dei også eit lite gardsmeieri, der dei foredlar mjølka frå eigne kyr.
Her kan du bli betre kjend med garden og dyra og få innblikk i korleis dei arbeider med økologisk matproduksjon og foredling.
Årets tema for ØKOVEKA er bonden, og denne dagen får du kome tett på menneska, dyra og arbeidet som ligg bak maten me et.
Program
Kl. 11.00 – Garden opnar
Kl. 11.30 – Guida omvising
Kl. 12.00 – Kafé og open gardsbutikk
I gardsbutikken finn du mellom anna yoghurt, kefir, storfekjøt og saueskinn. Det blir også mogleg å kjøpe noko godt i kaféen.
Dato og tid:
Laurdag 19. september kl. 11–14
Stad:
Solheim Vestre Friluftsgård, Sæbøvegen 285, Radøy
Parkering ved Sæbø kyrkje – følg skilting vidare opp til garden.
Inngang:
50 kr for alle over 1 år.
Det er inga påmelding.
