Hopp til innhold

Open gard på Solheim Vestre Friluftsgard– offisiell opning som 4H-gard

Opplev livet på ein økologisk familiegard på Radøy!

Møt dyra, bli med på omvising og feir den offisielle opninga av Solheim Vestre som 4H-gard.

Informasjon

  • Dato: 19. sep. 2026 - 11:00 - 15:00
  • Sted: Solheim Vestre Friluftsgard
  • Se kart
  • Arrangør: Reindyrka, ØKOVEKA Bergen, Solheim Vestre Friluftsgård
  • Tema: lavpasteurisert, Gardsmeieri, Open gard, Familieaktivitet, Dyr, Bonden, Lokal foredling, 4H gard

Velkomen til open gard på Solheim Vestre Friluftsgård på Radøy!

Som ein del av ØKOVEKA Bergen 2026 opnar Solheim Vestre dørene og inviterer store og små til ein dag på garden.

Denne dagen er det ekstra mykje å feire: Solheim Vestre blir godkjend som 4H-gard, og dette blir markert med offisiell opning!

Solheim Vestre er ein liten, familiedriven økologisk gard med kyr, kalvar, sauer, lam, høner, kyllingar og grisar. På garden er det også eit lite gardsmeieri, der mjølka frå eigne kyr blir foredla.

På omvisinga får du møte dyra, bli betre kjend med garden og høyre meir om økologisk matproduksjon og foredling. I gardsbutikken finn du mellom anna yoghurt, kefir, storfekjøt og saueskinn. Elises heimebakst kjem også og byr på fersk bakst, og det blir mogleg å kjøpe noko godt i kaféen.

Årets tema for ØKOVEKA er bonden, og denne dagen får du kome tett på menneska, dyra og arbeidet som ligg bak maten me et.

Program

Kl. 11.00 – Garden opnar og offisiell opning som 4H-gard
Kl. 11.30 – Guida omvising
Kl. 12.00 – Kafé og open gardsbutikk med bakst frå Elises heimebakst

Dato og tid:
Laurdag 19. september kl. 11–15

Stad:
Solheim Vestre Friluftsgård, Radøy
Parkering ved Sæbø kyrkje – følg skilting vidare opp til garden.

Inngang:
50 kr for alle over 1 år.

Det er inga påmelding.

Velkomen til ein dag på garden – og til å vere med og feire at Solheim Vestre blir 4H-gard! 🌱

Tilbake til toppen