Informasjon
- Dato: 13. sep. 2026 - 20. sep. 2026
- Sted: Glesvær
- Se kart
- Arrangør: Midtgarden, ØKOVEKA Bergen
- Tema: Bonden, Gardsbutikk, Lokalmat, lokal foredling
Kva finn du når bonden opnar dørene til sitt eige gardsutsal?
Midtgarden på Glesvær har gardsbutikk i eit naust nede på kaien, og under ØKOVEKA har du to høve til å ta turen innom: sundag 13. og 20. september kl. 13–16.
Midtgarden driv økologisk med Vestlandsk fjordfe og villsau, og foredlar råvarer frå eigen gard. I gardsutsalet kan du finne kjøt og meieriprodukt frå garden, mellom anna surmjølk, yoghurt og ulike ostar. Dei har også fenalår av villsau og villsauskinn.
I naustet får lokale produsentar og handverkarar også plass. Her kan du finne mellom anna honning, marmelade og gelé, naturlege hudpleieprodukt, handlaga såper, trearbeid og kunst. Utvalet kan variere etter kva som er tilgjengeleg.
Årets tema for ØKOVEKA er bonden, og hos Midtgarden får du oppleve noko av det ØKOVEKA handlar om: kort veg mellom bonden og deg som handlar. Her blir råvarer frå garden foredla vidare til ferdige produkt, og bonden sjølv står bak mykje av det du finn i hyllene.
Gardsbutikken ligg dessutan på den gamle handelsstaden Glesvær, så dette er ein fin anledning til å kombinere sundagsturen med lokal handel og ein tur ut mot havet.
Dato og tid:
Sundag 13. september kl. 13–16
Sundag 20. september kl. 13–16
Stad: Glesvær, Øygarden
Gardsbutikken ligg i naustet nede på kaien, før vegen går vidare til Midtgarden.
Påmelding: Inga påmelding
Arrangementet er ein del av ØKOVEKA Bergen 2026.
Program
-
13. sep. 2026
- 13:00 - 16:00 :
-
20. sep. 2026
- 13:00 - 16:00 :
