Hopp til innhold

Open økologisk gard på Sogn Jord- og Hagebruksskule

Kom tett på økologisk landbruk i Aurland!

Det blir plantefarging, fermentering, grønsaksbod, hestevogn, gammaldags kornhausting og mykje meir når garden og skulen opnar dørene.

Informasjon

  • Dato: 12. sep. 2026 - 10:00 - 14:00
  • Sted: Sogn Jord- og Hagebruksskule, Skulevegen 24, 5745 Aurland
  • Se kart
  • Arrangør: Sogn Jord- og Hagebruksskule, Økoveka Aurland
  • Tema: Bonden, Open gard, Økologisk Landbruk, Jord, Dyrking, Familieaktivitet, Aurland

Korleis ser økologisk landbruk ut i praksis? 

Laurdag 12. september opnar Sogn Jord- og Hagebruksskule både garden og skulen og inviterer alle som er nysgjerrige på økologisk og berekraftig landbruk innom.

Her kan du bli betre kjend med arbeidet på garden, sjå korleis dei jobbar med jord, dyrking og ressursbruk – og sjølv få oppleve og prøve ulike aktivitetar.

Det blir mellom anna:

plantefarging
fermentering
grønsaksbod
hestevogn
kornhausting på gamlemåten

Du kan også lære meir om jordfruktbarheit, besøkje den opne gardsbutikken og få noko å ete i kantina.

Årets tema for ØKOVEKA er bonden, og Sogn Jord- og Hagebruksskule har ei heilt spesiell rolle her. Skulen er ein stad der kunnskap om økologisk landbruk blir ført vidare, og der framtidas bønder får lære gjennom både teori og praktisk arbeid.

Dette er med andre ord ein dag for deg som vil sjå, smake, lære og bli betre kjend med både garden, skulen og økologisk landbruk.

Ta turen til Aurland og bli med! 

Dato og tid:
Laurdag 12. september kl. 10–14

Stad:
Sogn Jord- og Hagebruksskule
Skulevegen, 5745 Aurland

Gratis og ope for alle.

Tilbake til toppen