Informasjon
- Dato: 12. sep. 2026 - 19. sep. 2026
- Sted: Svingen skolehage, Seljesvingen 7, 5145 Fyllingsdalen
- Se kart
- Arrangør: Svingen skolehage, Bergen og omland Permakulturlag
- Tema: Permakultur, Dyrking, Barn og unge, Skulehage
Korleis ser permakultur ut i praksis?
Bli med på ei praktisk innføring i permakultur og ei omvising i Svingen skulehage i Fyllingsdalen.
Vert Dounia Boukhari tek oss med gjennom dei ulike hageromma og fortel om permakulturens etikk, prinsipp og design – og korleis desse er brukte i utviklinga av skulehagen.
På vandringa får du mellom anna sjå kjøkkenhage, eplehage, plommehage, skoghage, område med løpeender, terrasse og skuggehage. Dounia fortel om funksjonen til dei ulike områda og tankane bak dagens utforming.
Arrangementet går føre seg ute i skulehagen. Dersom det blir mykje regn, kan delar av opplegget flyttast inn i drivhuset.
Arrangementet er ope for alle.
Datoar og tid:
Laurdag 12. september kl. 12–14
Laurdag 19. september kl. 12–14
Stad:
Svingen skulehage
Seljesvingen 7, 5145 Fyllingsdalen
Påmelding:
Påmelding på e-post til post@ps-skolehager.no
Påmeldingsfrist 10. september for arrangementet 12. september.
Påmeldingsfrist 17. september for arrangementet 19. september.
Maks 10 deltakarar per omvising. Deltakarar kan ta med eigne barn i tillegg.
Arrangør: Peace & Serenity AS / Svingen skulehage
Program
-
12. sep. 2026
- 12:00 - 14:00 :
-
19. sep. 2026
- 12:00 - 14:00 :
