Hopp til innhold

Pizza Pop Up & hagevandring på Jonatunet

Ta turen innom Jonatunet og nyt vedfyrt pizza, hagevandring og urtesmaking i vakre omgjevnader

Informasjon

  • Dato: 19. sep. 2026 - 12:00 - 16:00
  • Sted: Jonatunet, Hestahagen 3, 5627 Jondal
  • Se kart
  • Arrangør: Hardangerakademiet for fred, utvikling og miljø, Jonatunet, ØKOVEKA Bergen
  • Tema: Småplanter, Mathage, Vedfyrt pizzaovn, Urtesmaking, Familieaktivitet

Velkomen til Pizza Pop Up og hagevandring på Jonatunet!

For ein dag blir den freda parken på Jonatunet forvandla til ein møteplass for mat, hage og gode opplevingar. Her kan du nyte vedfyrt pizza laga med lokale råvarer og råvarer frå hagen på Jonatunet.

Ta ein rusletur gjennom mathagen, bli med på urtesmaking og få ei omvising som gir eit innblikk i kva som blir dyrka, og korleis hagen blir brukt. Kanskje møter du òg nokre av dyra på garden undervegs.

Det blir høve til å kjøpe småplantar for dei som ønskjer å ta med seg litt av hagen heim.

Jonatunet har ei spennande historie som tidlegare tuberkulosesanatorium frå 1934. I dag er staden ein møteplass for leirskule, ferieopphald, utleige og kursverksemd med fokus på fred, miljø og utvikling.
Arrangementet er gratis og ope for alle – både lokalbefolkning, tilreisande og andre interesserte.

Tilbake til toppen