Hopp til innhold

Skulehagen som alternativ læringsarena

Korleis kan skulehagen gi barn og unge læring, meistring og kontakt med naturen? Bli med på føredrag, praktisk aktivitet og samtale om skulehagen.

Informasjon

  • Dato: 16. sep. 2026 - 18:00 - 20:00
  • Påmeldingsfrist: 14. sep. 2026
  • Sted: TBA
  • Se kart
  • Arrangør: Svingen skolehage, Økoveka Bergen, Peace & Serenity AS, Bergen og omland Permakulturlag
  • Tema: Skulehage, Barn og unge, Dyrking, Biodynamisk landbruk, Permakultur

Kan skulehagen vere mykje meir enn ein stad der barn lærer å dyrke grønsaker?

Skulehagen kan gi barn og unge høve til å lære gjennom praktisk arbeid, observasjon og direkte kontakt med naturen. Her kan kunnskap om natur, matproduksjon og berekraft gå hand i hand med samarbeid, meistring og utforsking. Å vere aktiv ute, arbeide med jorda og følgje naturlege prosessar kan òg bidra til betre fysisk og psykisk helse.

I dette arrangementet under ØKOVEKA deler Peace & Serenity AS / Svingen skulehage erfaringar med skulehagen som alternativ læringsarena. Det blir både praktisk aktivitet, føredrag og høve til spørsmål og diskusjon.

Program

Kl. 18.00–18.30 – Praktisk aktivitet
Barn og unge som deltek på arrangementet, får vere med på blanding av det biodynamiske preparatet BD 500.

Kl. 18.30–19.30 – Føredrag

  • Kva er ein skulehage?
  • Fordelar og utfordringar
  • Kva kjenneteiknar ein permakultur-skulehage?
  • Svingen skulehage
  • Læring og aktivitetar i Svingen skulehage

Kl. 19.30–20.00 – Spørsmål og diskusjon

Onsdag 16. september 2026
Kl. 18–20
Stad kjem – Bergen sentrum eller Fyllingsdalen

Påmelding
Send e-post til post@ps-skolehager.no.
Påmeldingsfrist: måndag 14. september.

Tilbake til toppen