Hopp til innhold

Smak og omvising hos Ollies Markedshage

Bli med inn i Ollies Markedshage på Stend! Få innblikk i småskala matproduksjon, smak på sesongen og møt bøndene bak grønsakene.

Informasjon

  • Dato: 18. sep. 2025 - 15:30 - 17:00
  • Sted: Ollies Markedshage, Stend, Fanavegen 249, 5244 Fana, Norge
  • Se kart
  • Arrangør: Ollies Markedshage, ØKOVEKA Bergen
  • Tema: Markedshage, Bonden, Småskala, Dyrking, Grønsaker, Gardsutsal

Velkomen inn i Ollies Markedshage på Stend!

Som ein del av ØKOVEKA Bergen 2026 inviterer Paul Hezel og Lars Bjørgo til ei uformell omvising i markedshagen – med høve til å smake undervegs.

Sjølv om sesongen nærmar seg slutten, bugnar markedshagen framleis av grønsaker, urter og etande blomar. Her dyrkar dei rundt 50 ulike sortar.

På omvisinga får du høyre meir om korleis dei arbeider med småskala, berekraftig matproduksjon. Det blir også prat om den nye plasttunnelen, sesongforlenging, økonomien i markedshagedrift og korleis ein kan byggje fellesskap rundt lokal mat.

Årets tema for ØKOVEKA er bonden, og her får du møte menneska bak maten og bli betre kjend med både arbeidet, kunnskapen og kvardagen i ein lokal markedshage.

Det blir høve til å smake på og kjøpe med seg ferske grønsaker frå markedshagen.

Arrangementet passar for deg som er nysgjerrig på markedshage, lokal mat og økologisk småskalaproduksjon – eller berre har lyst til å sjå, smake og bli inspirert.

Dato og tid:
Fredag 18. september kl. 15.30–17

Stad:
Ollies Markedshage, Stend VGS
Fanavegen 249 – framfor plastdrivhustunnelen på veg til Stend Gardsbutikk.

Ingen påmelding.

Tilbake til toppen