Informasjon
- Dato: 12. sep. 2026 - 10:50 - 14:50
- Sted: Skøssn Gard, Festevegen 119, 5912 Seim
- Se kart
- Arrangør: Slow Food Bergen, Smak av Nordhordland, Nordhordland biosfæreområde, Stene Matglede
- Tema: Nordhordland, Matoppleving, gardsbesøk
Slow Food Bergen og Smak av Nordhordland inviterer til ein innhaldsrik dagstur til Nordhordland under Økoveka.
I løpet av dagen besøkjer vi både Skøssn Gard og Lyngheisenteret. Her får du møte produsentane, høyre historia bak verksemdene, vere med på omvisingar og få høve til å handle lokale varer.
På Lyngheisenteret blir det servert lunsj med viltsausuppe og dessert. Turen gir òg gode moglegheiter til å bli kjend med andre matglade og lære meir om lokal matkultur og tradisjonar.
Praktisk informasjon:
Oppmøtestad: Skøssn Gard, Festevegen 119, 5912 Seim
Transport: Eigen bil eller samkøyring
Arrangementet er gratis, men deltakarane betaler for maten sjølve
Påmelding innan 8. september 2026
