Hopp til innhold

Surdeigskurs med norsk urkorn – FULLT

Lær å bake surdeigsbrød med økologisk norsk urkorn. Kurset kombinerer teori og praksis og passar også for deg som er heilt ny til surdeig

Informasjon

  • Dato: 16. sep. 2026 - 16:30 - 20:00
  • Sted: Reindyrka
  • Se kart
  • Arrangør: Sabines surdeig, Reindyrka, ØKOVEKA Bergen
  • Tema: Urkorn, Økologisk korn, Handverk, Surdeig, Baking, Kurs

Årets surdeigskurs under ØKOVEKA er her!

Bli med Sabine frå Sabines Surdeig på kurs i surdeigsbaking hos Reindyrka. Her lærer du å bake surdeigsbrød med økologisk norsk urkorn, og du treng ingen forkunnskapar for å delta.

Kurset kombinerer teori og praktisk arbeid. Du lærer mellom anna om surdeigsstartar og vedlikehald, urkorn og salt, og får arbeide med deig av økologisk norsk urkorn.

Du får med deg:

  • ein surdeigsstartar
  • oppskrifter
  • deig som du arbeider med på kurset

Det blir også steikt surdeigsbrød som de smakar saman med godt pålegg.

Sabine er lærar og har halde kurs i surdeigsbaking i Bergen i mange år. Ho er oppteken av natur og av å formidle historia og biologien bak surdeigen.

Kurset er ein del av ØKOVEKA Bergen 2026, der årets tema er bonden. Det norske urkornet gir ei fin kopling mellom bonden, kornet, handverket og brødet me et.

Dato og tid:
Onsdag 16. september kl. 16.30–19

Stad:
Reindyrka, Strandgaten 21, Bergen

Pris:
777 kr

Plassar:
Maks 10 deltakarar – kurset er no fullt.

Ta med:
Bakebolle, tresleiv eller slikkepott til å røre med, klede/forkle, eit lite glas med lokk, skrivesaker og eventuelt digital vekt.

Merk at det er bratt trapp opp til kurslokalet.

Tilbake til toppen