Hopp til innhold

Større avling og fleire pengar - Innblikk i regenerative metodar for konvensjonelle og økologiske grasdyrkarar

Lær av tre mjølkebønder frå Valdres og Vibhoda Holten frå Sunn Jord, ein av landets fremste rådgjevarar innan regenerativt landbruk.

Informasjon

  • Dato: 17. sep. 2026 - 19:00 - 22:00
  • Sted: Tuppeskogen grendahus i Gol (Tuppeskogvegen 145, Gol)
  • Se kart

Korleis kan regenerative metodar bidra til betre jord, større avlingar og betre økonomi på garden?

Mikael Olmhus, Hallgeir Kvaal og Geirmund Grøndal deler eigne erfaringar med regenerative tiltak i drifta. Vibhoda Holten, som har vore blant rådgjevarane deira, går nærare inn på biologien og kjemien bak metodane og forklarer kva som skjer i samspelet mellom jord, planter og drift.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

 

Erfaringar frå tre mjølkebønder

Mikael Olmhus, Hallgeir Kvaal og Geirmund Grøndal kjem alle frå konvensjonelt landbruk og har prøvd ulike regenerative tiltak, frå enkle grep som kan takast inn i eksisterande drift, til meir omfattande endringar.

Dei fortel om kva dei har gjort, kva som har fungert, kva som har vore utfordrande og kva resultat dei har sett på eigne gardar.

Vibhoda Holten, Sunn Jord

Vibhoda Holten har vore blant rådgjevarane til bøndene og går nærare inn på biologien og kjemien bak metodane og erfaringane dei har gjort seg.

Det blir også god tid til spørsmål, diskusjon og erfaringsutveksling.

Program

  • Erfaringar frå tre mjølkebønder
    Mikael Olmhus, Hallgeir Kvaal og Geirmund Grøndal deler erfaringar og utfordringar frå eiga drift.
  • Vibhoda Holten (Sunn Jord) fortel om biologien og kjemien bak
    Vibhoda forklarer kva som ligg bak metodane og resultata bøndene har sett.
  • Kaffipause
  • Spørsmål og diskusjon

 

Arrangementet blir gjennomført i samarbeid mellom Økouka Buskerud og Faglag for jordhelse og regenerativt landbruk i fjellregionen. Faglaget er en medlemsorganisasjon for kompetansebygging, erfaringsutveksling og informasjon innen jordhelse, økologi og regenerativt landbruk.

Tilbake til toppen