Hopp til innhold

ØKOVEKA hos Nobel Bopel – meir økologisk i glaset og på menyen

Nobel Bopel brukar allereie fleire økologiske råvarer – og under ØKOVEKA skrur dei opp den økologiske satsinga og tek mellom anna økomjølka inn på menyen.

Informasjon

  • Dato: 11. sep. 2026 - 20. sep. 2026
  • Sted: nobel bopel, Welhavens gate 64, Bergen
  • Se kart
  • Arrangør: nobel bopel, ØKOVEKA Bergen
  • Tema: Økologisk mat, Kaffi, Servering

Nabolagsfavoritten på Møhlenpris blir endå litt grønare under ØKOVEKA! 

Nobel Bopel brukar allereie fleire økologiske råvarer i det dei serverer. Under ØKOVEKA tek dei satsinga eit steg vidare og set ekstra fokus på økologiske val.

I perioden 11.–20. september blir det mellom anna økologisk mjølk i kaffien, i tillegg til dei økologiske råvarene som allereie har funne vegen inn på kjøkenet og menyen.

For ØKOVEKA handlar dette også om noko større enn det som hamnar i koppen eller på tallerkenen. Når kafear, restaurantar og andre serveringsstader vel økologiske råvarer, skaper dei etterspurnad etter maten som dei økologiske bøndene produserer.

Og nettopp bonden er årets tema for ØKOVEKA. Kvar liter mjølk, kvart korn og kvar grønsak har ei historie som startar lenge før råvara kjem inn døra hos Nobel Bopel.

Så kanskje ØKOVEKA er ei god anledning til å ta turen til Møhlenpris, finne seg ein plass og smake på litt meir økologisk? 

Tid: 11.–20. september 2026
Stad: Nobel Bopel, Møhlenpris

Tilbodet gjeld gjennom ØKOVEKA og følgjer dei ordinære opningstidene til Nobel Bopel.

Måndag - Sundag 10 -20

Torsdag 10 - 22

 

Program

  1. 11. sep. 2026
    1. 10:00 - 20:00 :
  2. 12. sep. 2026
    1. 10:00 - 20:00 :
  3. 13. sep. 2026
    1. 10:00 - 20:00 :
  4. 14. sep. 2026
    1. 10:00 - 20:00 :
  5. 15. sep. 2026
    1. 10:00 - 20:00 :
  6. 16. sep. 2026
    1. 10:00 - 20:00 :
  7. 17. sep. 2026
    1. 10:00 - 22:00 :
  8. 18. sep. 2026
    1. 10:00 - 20:00 :
  9. 19. sep. 2026
    1. 10:00 - 20:00 :
  10. 20. sep. 2026
    1. 10:00 - 20:00 :
Tilbake til toppen