Hopp til innhold

Omvisning og kurs hos Bergen Øko Markedshage

Kompisane Leiv Arne Risa og Dan Sundhordvik starta i 2021 å forvandle eit gjengrodd beite til Bergens første DEBIO-godkjende marknadshage.

Informasjon

  • Dato: 13. sep. 2025 - 12:45 - 14:45
  • Sted: Bergen Øko
  • Se kart
  • Arrangør: Bergen Øko
  • Tema: økologisk markedshage, ferske grønnsaker, kurs, omvisning

I dag bugnar hagen av økologiske grønsaker, med eit unikt kompostsystem som hjartet i drifta. Dei har òg bygd Økoboden, ei sjølvbetent minibutikk der grønsakene vert seld saman med honning, syltetøy, kaffi og andre lokale varer.

Program

Del 1 (ca. 20 min): Historia om korleis eit gjengrodd jorde vart til eit levande grønsaksfelt.

Del 2: Kurs og praktiske tips for eigen dyrking:
• No-dig-metoden og hügelbed
• Såing og oppal
• Enkel bekjemping av brunsneglar
• Kva grønsaker som eignar seg i vårt klima
• Kompostering – frå avfall til ressurs
• Korleis dyrke utan kjemikaliar og kunstgjødsel

Arrangementet gir både inspirasjon og konkrete verktøy til å lykkast med økologisk dyrking – anten du har stor hage, parsell eller berre nokre kassar på balkongen.

Praktisk info

Inngangsbillett: kr 290 (Vipps eller kort ved oppmøte). Barn gratis.

Det blir sjølvsagt mogleg å kjøpe med seg ferske, økologiske grønsaker.

Transport: Buss 65 frå Lagunen til Tveitane kl. 12:14. Retur: Buss 65 til Birkelandsskiftet kl. 14:28 eller til Lagunen kl. 15:10.

Parkering: Moglegheiter ved hagen.

Tilbake til toppen