Hopp til innhold

Brød og beredskap, helse og historie med Kjersti Rinde Omsted og Olav Randen

Brød og beredskap, helse og historie. Samtaler med Kjersti Rinde Omsted og Olav Randen om kornets betydning for maten vi spiser og vår framtid.

Informasjon

  • Dato: 16. sep. 2025 - 18:00 - 21:00
  • Sted: Tuppeskogen grendahus i Gol (Tuppeskogvegen 145, Gol)
  • Se kart
  • Korleis får me ei god helse: utan korn eller med korn, og i så fall korleis?
  • Kva rolle har kornet hatt for beredskap og helse historisk?
  • Korleis dyrkar ein korn i Hallingdal?
  • Kva skal enkeltpersonen, befolkninga og landbruket gjere framover, i Hallingdal og i Norge?

 

Helseingeniør, terapeut, foredragsholder og matprodusent Kjersti Rinde Omsted kjem for å fortelje om kva enkeltpersonen kan gjere med kornråvarer på kjøkkenet for å få ei god helse. Ho har òg visjonar for landbruket og samfunn og spør: Er korn berre korn, og all mat mat?

Forfattar, forleggar, bonde og samfunnsdebatant Olav Randen har skrive boka "Svolt i Norden" og fortel om beredskap i eit historisk perspektiv. Kvifor var det korndyrking i heile Hallingdal før og nesten ingenting no?

Økobøndene Kjell Borge og Embrik Rudningen dyrkar gamle kornsortar på høvesvis 700 og 400 moh. og er ganske åleine om det i øvre del av Hallingdal. Dei fortel om kvifor og korleis.

 

Program

  • 18:00: Kjell Borge og Embrik Rudningen. Korndyrking i fjellbygdene, kvifor, korleis og kor vanskeleg.
  • 18. 30: Olav Randen. Matberedskap før og no.
  • 19.00: Kaffipause. Forskjellig bakst av gamle og nye kornsortar
  • 19.30: Kjersti Rinde Omsted. Kva rolle spel kornet i ei god helse, medisin og helse
  • 20.15: Meiningsutvseksling
  • 21.00: Slutt

Utstilling med ulikt korn, mjøl, kjøkken- og landbruksutstyr.

Gratis inngang og servering

Flere detaljer om arrangementet og påmelding kommer!

Tilbake til toppen