Hopp til innhold

Neversveiping - kurs

Har du lyst til å lære å lage vakre og solide boksar eller fat i never?

Informasjon

  • Dato: 29. sep. 2023 - 10:00 - 17:00
  • Sted: Oterholtvegen 148, 3803 Bø
  • Se kart
  • Arrangør: Krokvokst
  • Tema: neversveiping, krokvokst, håndtverk, kurs

På dette kurset lærer du ein gamal handverksteknikk og brukar lokale naturmaterial med mange moglegheiter.

På kurset lærer du korleis ein kan lage ein funksjonell og vakker boks, heilt utan bruk av lim eller spiker. Kva med ein matboks i never, ein boks til turkaffien, nøtter, musli, eller eit brødfat med tægerkant?

Me syr fyrst saman eit for til boksen i never. Så lagar me utsida med eit nytt lag never, og nyttar ein spesiell låseteknikk for å sette saman boksen. Så lagar me eit band i never oppe og nede, for å forsterke boksen enda meir. Til slutt lagar me ein botn som me festar med trenagler, og eit lokk, eller kant i tæger (bjørkerøtter). Blir det tid lærer eg gjerne vekk ulike dekorteknikkar til lokket som enkel treskurd eller måling med jordpigment.

Du bruker i hovudsak handverktøy på kurset. For å forenkle nokre arbeidsprosessar kan me bruke bandsag og pussemaskin (sage lokk med vinkel). Om du ikkje ynskjer å bruke maskinar er det ingen problem, eg hjelper deg, eller me brukar handverktøy som sag og kniv.

Neversveip er eit gamalt tradisjonshandverk, og det ferdige resultatet blir solid og haldbart.

Nevera er sanka lokalt i Bø i Telemark. Visste du at noma brukar sveipa neverboksar til smør på restauranten sin? Never inneheld betulin verkar konserande på matvarer. Eg trur never kan få ein ny renessanse i våre dagar, fordi det er så solid og haldbart, og eit utruleg godt alternativ til plast. Velkommen på kurs!

Pris: 1500kr + materialer 200kr. Lunsj er Inkludert.

”Nävern er formbar, stark, röttålig och vattentät, den andas och flyter. Den luktar inte och sätter ingen smak. Den är förnybar och växer lokalt – på Sveriges tredje vanligaste träd…”) (Hemslöjd nr 1 2019)

Praktisk info 

Der ikkje anna er oppgitt blir kurset på verkstaden min ved Bø museum. Det er berre plass til 5 stk på kurs, som betyr at alle får god oppfølging og hjelp,  og at det kanskje er lurt å vere tidleg ute med å reservere plass. Eg lagar økologisk lunsj. Informer om eventuelle allergener.

Påmelding til krokvokst@outlook.com
Påmelding til alle kurs er økonomisk bindande når det er 14 dagar til kursstart. Eg sett opp venteliste på fulle kurs og om nokon må avlyse forsøker eg så godt det let seg gjera å bruke ventelista.

Adkomst: Oterholtvegen 148, 3803 Bø. Om de køyrer (inn Haugsagvegen) til den store parkeringa ved museet, kan de ta inn neste innkjørsel til høgre, før vegen heller nedover mot fossen. Der ligg eit grått bygg rett over fossen.

Kontaktperson

Mari Fallet Mosand
Telefon: 40469086
Tilbake til toppen